Norske kirker Vestfold og Telemark

Moland kirke (Fyresdal)

Moland kyrkje ligger i Fyresdal sokn i Fyresdal kommune. Den er bygget i tre og ble oppført i 1843. Kirken har korsplan og 200 sitteplasser.

Mine bilder av Moland kirke

Informajon om Moland kirke finner du under bildene

Informasjon om Moland kirke

Moland kirke (Moland kyrkje) er en kirke i Fyresdal (som frem til 1879 het Moland) i Vestfold og

Moland kyrkje ligg i Fyresdal kommune i Telemark. Ho vart bygd etter typeteikning og teken i bruk i 1843. Bygningen har gjennomgått større innvendige restaureringar, sist i 1962.

På same staden er det dokumentert to tidlegare kyrkjebygningar. Moland som kyrkjestad har venteleg tradisjonar attende iallfall til fyrste halvparten av 1300-talet.

Moland gamle kyrkjer

Moland er namnet på prestegarden Den fyrste kyrkja i soknet skal etter tradisjonen ha vore på vestsida av Fyresvatn der det no heiter Røykjenes, staden er markera med ein «bautastein», «Røykjenessteinen».

Noverande kyrkjestad var truleg i bruk i 1342 då Torgaut er nemnd som prest. Tida før dette veit me ikkje noko om, det er og sers lite vi veit om kyrkje(ne) i tida 1342 – 1665. I 1386 var det bispevisitas ved biskopen i Oslo. Kyrkjene var vigde til St. Laurentius, i bygda vår kalla «Lavrans». Moland er namnet på prestegarden og det vart og namnet til kyrkja og soknet.

Dette er ei tusjteikning av S. O. Wolff i 1829, etter ein original av Linaae.

Vi kjenner til to kyrkjer her før den noverande vart bygd i 1843. Den fyrste kyrkja vart bygd ein gong i mellomalderen og rive i 1665. Det var ei stavkyrkje. I 1595 var biskop Jens Nilssøn på visitas i Fyresdal. Han skreiv ”—Molands kirke, en trækirke, ligger ret hos prestegaarden.” Han formana kyrkjelyden å forbetre og halde ved like kyrkje og prestegard, mogleg var dei då ikkje så godt tatt vare på. Meir seier han ikkje om kyrkja.

Teikninga vi ser ovanfor er av den kyrkja som vart bygd i 1665 og rive i 1841. Tusjteikninga er frå 1829 og var i privat eige i 1929 då Norsk Folkemuseum fotografera den som ledd i eit registreringsarbeid. Når originalbiletet til Linaae (Linaas?) er frå veit vi ikkje. Sjå vidare under prestegarden.

Qvisling skriv at medan Heggland kyrkje truleg vart kondemnera ved ”den alminnelige kirkebesiktigelse” i 1668, var Moland kyrkje alt rive og bygd opp att som ny fleire år i førevegen. Truleg har den då vore ubrukeleg slik at hr. Jakob (Jacob Hansen Morland var prest 1665-1672) har fått til bygging av ny kyrkje.

Moland nye hovudkyrkje var ei korskyrkje og bygd av tømmer. Prokurator Lund seier om denne: ”Et lidet Stykke fra Præsteboeligen sees Hoved-Kirken, som er en av Træe opført Kors Bygning, maled uden og inden, ret smukt”. Og Wille skriv: ”Molands Hovedkirke er en af Træ i Aaret 1665 opført Korsbygning, den smukkeste i Øvre Thelemarken, da den er lys, net malet og udsiret med alle Kongerne af den oldenborgske Stamme lige indtil Frederik V.”

I eit glasmåleri i eit blyvindauge frå denne kyrkja, som seinare vart oppbevara på ein gard i nærleiken, står det innrissa: ”H. Christen Hansen Morland. Anno1669” Han var prest i Tønsberg og var bror til Jacob Hansen Morland som var prest 1665 -1672. Det var fleire vindaugo med innrissa 1669 og namn.

I noverande Moland kyrkje er det ein bjelke frå denne kyrkja der det står:

DENNE KIRCKE BLEF BYCKET ANNO CHRISTI 1665. J. H. S.

Johannes Halsteins søn var etter det som står i kallsboka ein trønder. Med denne kyrkja som modell bygde han i 1670 kyrkja i Arendal. Han skulle etter andre opplysningar vere frå Skjold i Ryfylke, ein ”nordmann” altså. Men som Qvisling skriv, kan og J. H. S. stå for Jesus Hominus Salvator, d. e. Jesus menneskenes frelser.

I Moland kyrkje heng no eit oljemaleri av Jesus på korset med presten Blochs portrett, dette var i den nedrivne kyrkja plassera over alteret som altertavle. (Det er eit epitaf over Thomas Olsen Bloch som var prest i Fyresdal 1672-1717.) – Der var og ”oljemalte portrætter av de elleve første oldenburgiske konger fra Kristian den 1ste til og med Kristian den 6te.” Dette seier Qvisling.

Lund seier: ”I Choret sees alle Kongerne af den Oldenborgiske Stamme indtil Friderich den Vte salig og høilovlig Ihukommelse deres Portraiter.” (Den same serie bilete heng framleis i koret i gamle Kviteseid kyrkje.)

Sumaren 1835 vart kyrkja mykje skada av storm frå nordvest,lokalt kalla «Jordalsvinden». Etter dette rekna ein at det var farleg å bruke henne. Det var serleg tårnet som var øydelagd og måtte rivast. ”Ved kongelig resolution av 15de mars 1836 blev det bestemt, at ny kirke skulde opføres, og at den skulde bygges oppe på den såkaldte ”Landsaker”, hvorved den vilde faa en meget vakker beliggenhet.” Flytting av kyrkjestaden vart det etter alt å døme ikkje noko av. ”Landsaker” er det jordet som ligg vest for bankbygningen. Det er ikkje noko som tyder på at noverande kyrkje ikkje står på same plass som dei tidlegare kyrkjene.

Qvisling skriv: ”Den 1ste juni 1841 tok man endelig til at nedrive den nu 176 aar gamle, skrøbelige hovedkirke, der som før omtalt, var bygget i 1665.” På grunn av stor fattigdom i soknet vart det ikkje bygd ny kyrkje før i 1843. Om denne skriv han: ”—desværre utstyret man den ikke med noget taarn av den ganske unødig frygt for de sterke stormer, idet man lod seg skræmme av forholdene med den gamle kirke, hvis taarn, der stod midt paa kirken, dog hadde holdt sig godt, indtil sammenføiningerne paa grunn av manglende tilsyn var raatnet.”

Moland noverande kyrkje

Den nye kyrkja vart innvigd 2. juli 1843 av bisp von der Lippe. Den er oppførd av Gunnar Tarjeisøn Klauvreid under tilsyn av byggmeister Anders Syrtveit frå Evje. Ei av slottsarkitekt H.D.F.Linstows enkle typeteikningar vart nytta.

Benkane vart restaurera i 1906 og kyrkja vart måla innvendig og pryda i 1908. Romet var kvitt med benkar i grønt og gull. Grøn girlander oppe under taket.

I kyrkja er det oljemålarstykke av dei 11 fyrste Oldenburgerkongane, dei hang i koret i den gamle kyrkja så tidleg som i 1785.

Kyrkjeromet vart igjen restaurera i 1962. Det fekk då ein varm rosa farge. Altertavla vart skifta ut. Den noverande stod i gamle Heggland kyrkje og er frå 1738. Det vart då og montera ny lysarmatur. Til då hadde det vore lysekroner og lampettar skore ut av Bendik Veum. Nytt orgel kom på plass i 1979. Bygd av Olaf Hammarberg, orgelbyggar frå Gøteborg. Det har 14 stemmer. Det gamle, som var gjeve til Moland kyrkje i 1908, vart flytt til Veum kyrkje.

Kyrkjeromet gjev eit opent og romsamt inntrykk og har sers god akustikk.

Informasjon fra LokalhistorieWiki

Linker
Fakta

Byggeår: 1843
Fylke: Vestfold og Telemark
Kommune: Fyresdal
Bispedømme: Agder og Telemark
Prosti: Øvre Telemark
Gateadresse: Prestegardsvegen 20, 3870 Fyresdal
Forvalter: Fyresdal sokneråd
Eier: Fyresdal sokn
Sitteplasser: 200

Legg igjen en kommentar