Norske kirker Vestfold og Telemark

Øyfjell kirke

Øyfjell kyrkje ligger i Øyfjell sokn i Vinje kommune. Den er bygget i tre og ble oppført i 1833. Kirken har rektangelplan og 72 sitteplasser.

Informasjon om Øyfjell kirke under bildene

Informasjon om Øyfjell kirke

Øyfjell kyrkje er soknekyrkje for Øyfjell sokn i Vinje kommune. Kyrkja vart reist i 1833 etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Det er ei lita langkirke i tømmer; med berre 60 sitjeplassar er ho ei av dei minste soknekyrkjene i landet

Tidlegare stod Øyfjell stavkyrkje på same tufta. Ho vart reven i 1826, og bygging av den nye kyrkja tok til. Det tok nokre år, og fyrst i 1833 kunne ho innviast. Ein veit ikkje kven som leia arbeidet, men det er kjend at Olav Sveinungsson Berge var med som tømrar. Det er uvisst om dei følgde von Linstow sine teikningar til punkt og prikke. Sjølve kyrkja, altså skip og kor, er nemleg heilt kvadratisk. Dette skal vere unikt i Noreg. Sakristiet vart bygd under renoveringa i 1960-åra.

Preikestolen er laga av Per Snikkar, som var frå området, og er jamgamal med kyrkja. Oppe under taket heng ein engel i tre, skoren av Talleiv Fjellet frå Høyudalsmo, truleg på same side som kyrkja vart reist. Engelen vart nytta som døypefont ei tid, og måtte da heisast opp og ned. Dette likte ikkje folk, og ein ny døypefont i furu vart laga i 1933. Krusifikset over altaret er skore av Sveinung Vasshus frå Rauland på slutten av 1800-talet.

Ein eldre preikestol frå stavkyrkja står ved sida av altaret, og i portalen finn ein eit dyrehovud og eit mannshovud i tre som òg er frå gamlekyrkja. Kyrkjeklokka er òg frå stavkyrkja.

Kyrkja har eit orgel frå danske I. Starup & Søn, laga i 1983 og med fire stemmar.

Øyfjell kyrkjegard går attende til mellomalderen, og det er fleire gamle gravminne der.

Informasjon hentet fra LokalhistorieWiki

Linker
Fakta

Byggeår: 1833
Fylke: Vestfold og Telemark
Kommune: Vinje
Bispedømme: Agder og Telemark
Prosti: Øvre Telemark
Gateadresse: Kyrkjevegen 64, 3890 Vinje
Forvalter: Vinje kyrkjelege fellesråd
Eier: Øyfjell sokn
Sitteplasser: 72

Legg igjen en kommentar